Kategorier
Fotball Lye IL Lye IL nyheter

20 år med Høgfjellsturneringer!

Nok eit år drog fotballgruppa vår igjen Høgfjellsturneringa i mål!

Vel blåst!

FOR ei heldig bygd vi er!

Det er så gildt å sjå fotballgleda hos ungane. (For så vidt hos foreldra, òg.)

Arild Berland, Høgfjellsturneringsgeneral (Jærbladet, 26. august 2023)

Nærmare 800 (!) 6- og 7-år gamle fotballhelter har, i dag, herja “høgfjellet” gjennom rundt 200 kampar, og serverte øvrige gjester, trenere og dugnadshelter bøttevis med idrettsglede! Nye kull – samme gamle tradisjon!

Og mange gjester var det, totalt var nærmare 2000 galkjekke folk innom i løpet av herligheten, og rundt 50 mennesker stod på for å sikre ein god dag – utan anna lønn enn mange smil, takknemlighet og forhåpentligvis følelsen over å ha gjort ein verdifull forskjell!

Tusen takk for gode idrettsopplevelser, fint besøk og en formidabel innsats – alle som ein! 💛💙

Innsatsen fra alle frivillige er uvurderlig og heilt nødvendig for å få til slike arrangement. Likevel kjem vi heller ikkje heilt unna at enkelte frivillige er i ei eiga klasse, og stiller lojalt opp, år etter år, lenge etter eigne ungar er voksne.

Farlig å nevne navn når så mange gjer så mykje, her er det likevel på sin plass, nemlig trioen som i si tid etablerte denne turneringa, og fortsatt held koken som arrangementskomite, den dag i dag:

Tusen takk for alt de gjer for idrettsglede og aktivitet på Lye, Arild Berland, Arild Gundersen og Ivar Lomeland: gjengen som stifta heile turneringa i 2004, og endå held koken!

No gler vi oss først til å feire 40-årsjubileum 23. september, deretter til Høgfjellsturneringa 2024 – og mykje anna kjekt!

Eit fjedl – ein klubb!

Hadde DU ein kjekk dag??

Del gjerne med oss andre med ein kjekk kommentar!

Jærbladet var på besøk og sikra mange fleire, flotte blinkskudd fra dagen, ta gjerne en kikk på bildeserien deira her (for abonnenter): https://www.jbl.no/bygda-pa-hogfjellet-dobla-innbyggartalet-kjekt/g/5-103-947064

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *